Øyvind Rangøy
2004-05-18 19:30:54 UTC
Eg har nokre små eller mellomstore spørsmål kanskje einkvan kunne hjelpe meg
med:
1) Uttaleskilnaden ein del målføre har mellom orda <bønder> /'bøner/ og
<bønner> /"bøner/ er i litteraturen eit klassisk døme på
tonelagsopposisjonen -- men kvar kjem dette dømet frå? Kvar og når dukka
det opp første gong? Ja, for nett dette paret er vel ikkje eit _så_
sjølvsagt val, mellom hundrevis av kandidatar?
2) Bønder-bønner fungerer slett ikkje i alle målføre. Har nokon forslag til
gode, illustrative døme (minimalpar) som er sams for (mest) alle variantar
av norsk talemål?
3) Når ein skal forklare den norske termen (altså ikkje omgrepet) «tonelag»
for ein utlending, korleis skal ein då tolke «-lag» i denne samanhengen?
Som «natur, eigenskap, veremåte» slik som i 'ganglag' og 'hjartelag'?
Øyvind